Kystkultursamling 2015

Herøy Kajakklubb arrangerer i år Kystkultursamling for 5. gong helga 21.-23. august 2015. Som dei tre siste åra blir også årets samling halde på Herøy Gard på Nautøya. Herøy Gard er ei flott ramme for samlinga med historisk grunn der dramatiske hendingar har funne stad. Samlingsstaden er Herøy Kystmuseum.
Sjøbuda vi brukar har eim av tjære og salt slik som gamle sjøboder har. Her er det utstilt både båtar og utstyr med historisk bakgrunn frå fiske og selfangst i ishavet.

I området rundt Herøy Gard fins det mange flotte plassar å padle, både i skjerma og opent farvatn. Her finn du mange krikar og kroker å utforske, skjer for rockhopping og dønningar der ein kan prøve å surfe dersom det er litt sjø.

Laurdag kveld får du servert festmiddag – kvalgryte av ypperste kvalitet, laga av lokale gourmetkokkar. Det er ikkje tilfeldig at kvalgryta blir servert for 4 år på rad. Du får også høyre eit foredrag av ein utvald foredragshaldar om tema som har med Kystkultur og friluftsliv å gjere.

Søndag kan du delta på ein skikkeleg kystkulturtur saman med Håvard Haraldsson Hatløy som er guide frå Kystmuseet. Han guidar deg rundt i kajakk, og fortel historier frå området rundt Herøy Gård. Nokre av historiane kan få håra på ryggen til å reise seg! Turen tek omlag 2 timar, og kan varmt anbefalast!


Program
Fredag 21/8
18.00-20.00           Registrering og oppmøte
19.30                     Opning av samlinga v/Jon Oli Arnasson
20.00                     Presentasjon av Herøy Kajakklubb
20.30 og utover     Sosialt samvær

Laurdag 22/8
09.00                     Kursa startar
10.00                     Start turpadling
17.00                     Kursa avsluttast for dagen
18.00                     Felles festmiddag i naustet
19.00 og utover     Foredrag og underhaldning

Søndag 23/8
09.00                     Kursa startar
10.00                     Start turpadling – guida kystkulturtur med Håvard Haraldson Hatløy
17.00                     Kursa avsluttast for dagen / Avslutning KystkultursamlingKystkultursamling 2014

Vi lovar at det vert

  • Sosialt og kjekt!
  • Padlekurs
  • Padleturar
  • Fokus på kystkultur

Kursa som skal haldast på samlingen er:
– Grunnkurs Hav UNG                      (13-19 år)
– Teknikkurs Hav UNG                      (13-19 år)
– Aktivitetsleiarkurs Hav UNG           (13-19 år)
– Grunnkurs Hav                               (20 år og eldre)
– Teknikkurs Hav                               (20 år og eldre)

Det krevst grunnkurs Hav for å gå teknikkurs Hav, og teknikkurs hav for å gå aktivitetsleiarkurs hav. Det er ingen krav til tidlegare padleerfaring på grunnkurs hav.

Padleturar
Laurdag blir det guida padletur med turleiar frå HKK.
Søndag blir det guida padletur med fokus på kystkultur. Her har vi med oss museumsguide frå Herøy Kystmuseum; Håvard Haraldson Hatløy, som guide

Påmelding til både samling og kurs finn du på http://www.vaattkort.no/
Samling er inkludert i kurs-prisane. Du treng difor ikkje å melde deg på samling dersom du allereie er påmeld på eit padlekurs.

P1000049

Send gjerne spørsmål eller innspel til samlinga i 2015 til post@heroykajakk.no

Grunnkurs Hav 27-28.juni 2015

Lyst til å lære å padle kajakk? Mildrid Flø og eg skal halde grunnkurs 27-28 juni i Kjeldsund. Vi startar kl.09.00 og er på land att ca 16.00 begge dagane. På kurset skal vi ha fokus på å bli kjent med kajakken og utstyret, korleis manøvrere kajakken, lære eigen- og kammeratredning, dra på tur og ellers ha det kjekt. Balansekunstene dine vert garantert utfordra og ein ting er heilt sikkert: du kjem til å bli våt!

Kurset kostar 1600 kr. for medlemmar av HKK og 2300 for ikkjemedlemmar.

Påmelding finn du her: http://vaattkort.no/Event/Dicipline/3

Været rår eg lite med, men kjekt vert det uansett!

Eg tek kontakt med deltakarane på kurset og kjem til å sende ut ei enkel pakkeliste på kva du må ha med deg ei vekes tid i forkant. Er det noko du lurer på er det berre å ta kontakt med HKK på fb, eller meg direkte på tlf. 95822835 eller på e-post sjoaah@gmail.com

Helsing Sygni J. Aarseth

Posta under Ukategorisert

Ekstraordinært årsmøte og klubbkveld 26. mars

Innkalling til ekstraordinært årsmøte i Herøy Kajakklubb

Dato: 26.03.2015

Stad: Sunnmøre Folkehøgskule (SUFH), Ulsteinvik (amfiet)

Klokka: 18.00 

Sakliste:

  1. Opning av ekstraordinært årsmøte
  2. Godkjenning av innkalling
  3. Val av møteleiar
  4. Val av referent
  5. Val av ordstyrar
  6. Val av tellekorps
  7. Val av to til å skrive under møteprotokoll
  8. Rekneskap 2014
  9. Budsjett 2015
  10. Val – Val av ein person til valnemd
  11. Avslutning ekstraordinært årsmøte

Etter årsmøtet vert det klubbkveld! Sosialt og triveleg. Vi viser bilde frå frå turar og padlefilm. Kaffi og kake!

Vel møtt!

Foto: Jon Oli

Foto: Jon Oli

Posta under Ukategorisert

Grunnkurs i kajakkpolo på Flø 21.- 22. juni

Norges Padleforbund skal halde grunnkurs i kajakkpolo 21.- 22. juni på Flø.

På kurset vert du kjent med polokajakk og utstyr (kurset stiller med utstyr). Etter kurset har du lært å bruke kajakk, åre, trekk og vest – og ikkje minst å spele kajakkpolo! I tillegg vert du kjent med enkle sikkerheitsrutiner og poloreglar, samt effektiv manøvrering av kajakken og ballkontroll.

Foto: Padlesiden.no

Kajakkpolo er kjempeartig! Foto: Padlesiden.no

 

Kurset er for alle medlemmar uansett alder i Norges Padleforbund eller Herøy Kajakklubb! Du må ha grunnkurs i kajakk for å melde deg på. Ta med eiga våtdrakt/tørrdrakt.

Tid: Laurdag klokka 10-19; Søndag klokka 9-16

Overnatting: Campingplass + hytte ved Flø Feriesenter

Pris: kr 500,-

Arrangør: Norges Padleforbund (Forbund).

Kursleiar: Elsa Du Plessis

Påmelding:  www.vaattkort.no  – polo

Spørsmål? Kontakt: Lidun Hareide: lidun@online.no eller Jon Oli Arnason: j.o.arnason@heroykajakk.no

Årsmøte 2014 i Herøy kajakklubb

Årsmøte vart helde på Sunnmøre folkehøgskule i Ulsteinvik 27.02, og starta med sosialt samvær og middag.

Årsmelding og rekneskap
Alle på årsmøtet fekk utskrift av årsmeldinga med rekneskapsoversikt. Klubben har hatt variert aktivitet gjennom året med turar, kurs og Kystkultursamlinga som det største arrangementet. HKK har vore representert på Padletinget til Norges Padleforbund. Klubben har fått tilskotsmidlar og kjøpt inn diverse utstyr for dette; mellom anna barnekajakkar, poloutstyr og tilhengar til å transportere kajakkar. Rekneskapen viste at klubben har stabil økonomi.  

Foto: Jon Oli

HKK og ÅST sin padledag på Bakarholmen juni 2013. Foto: Jon Oli

Val
Alle val med meir enn ein kandidat vart gjort skriftleg. Det nye styret er:

Leiar: Jon Oli Arnason (attval)
Nestleiar: Andre Tarberg (attval)
Kasserar: Antje Meier (ny)

Styremedlemmar:
Jan Ytrehorn (ikkje på val)
Lene Gjelsvik (ikkje på val)
Eldar Myrhol (attval)
Mads Jacob Stave (ikkje på val)
Lidun Hareide (ikkje på val)

Varamedlemmar:
Christer Torvik (ny)
Morten Lillenes (ny)
Sygni Johansen Aarseth (ikkje på val)
Odne Grimstad (ikkje på val)

Valnemd:
Tor Inge Warholm (attval)
Mildrid Flø (attval)

Jon Oli takka av årsmøtet og runda av med flotte padlebilder frå 2013.

Kontakt styret på post@heroykajakk.no om du er interessert i heile saklista, årsmeldinga eller årsmøtereferatet.

Posta under Ukategorisert