Kystkultursamling 2015

Herøy Kajakklubb arrangerer i år Kystkultursamling for 5. gong helga 21.-23. august 2015. Som dei tre siste åra blir også årets samling halde på Herøy Gard på Nautøya. Herøy Gard er ei flott ramme for samlinga med historisk grunn der dramatiske hendingar har funne stad. Samlingsstaden er Herøy Kystmuseum.
Sjøbuda vi brukar har eim av tjære og salt slik som gamle sjøboder har. Her er det utstilt både båtar og utstyr med historisk bakgrunn frå fiske og selfangst i ishavet.

I området rundt Herøy Gard fins det mange flotte plassar å padle, både i skjerma og opent farvatn. Her finn du mange krikar og kroker å utforske, skjer for rockhopping og dønningar der ein kan prøve å surfe dersom det er litt sjø.

Laurdag kveld får du servert festmiddag – kvalgryte av ypperste kvalitet, laga av lokale gourmetkokkar. Det er ikkje tilfeldig at kvalgryta blir servert for 4 år på rad. Du får også høyre eit foredrag av ein utvald foredragshaldar om tema som har med Kystkultur og friluftsliv å gjere.

Søndag kan du delta på ein skikkeleg kystkulturtur saman med Håvard Haraldsson Hatløy som er guide frå Kystmuseet. Han guidar deg rundt i kajakk, og fortel historier frå området rundt Herøy Gård. Nokre av historiane kan få håra på ryggen til å reise seg! Turen tek omlag 2 timar, og kan varmt anbefalast!


Program
Fredag 21/8
18.00-20.00           Registrering og oppmøte
19.30                     Opning av samlinga v/Jon Oli Arnasson
20.00                     Presentasjon av Herøy Kajakklubb
20.30 og utover     Sosialt samvær

Laurdag 22/8
09.00                     Kursa startar
10.00                     Start turpadling
17.00                     Kursa avsluttast for dagen
18.00                     Felles festmiddag i naustet
19.00 og utover     Foredrag og underhaldning

Søndag 23/8
09.00                     Kursa startar
10.00                     Start turpadling – guida kystkulturtur med Håvard Haraldson Hatløy
17.00                     Kursa avsluttast for dagen / Avslutning KystkultursamlingKystkultursamling 2014

Vi lovar at det vert

  • Sosialt og kjekt!
  • Padlekurs
  • Padleturar
  • Fokus på kystkultur

Kursa som skal haldast på samlingen er:
– Grunnkurs Hav UNG                      (13-19 år)
– Teknikkurs Hav UNG                      (13-19 år)
– Aktivitetsleiarkurs Hav UNG           (13-19 år)
– Grunnkurs Hav                               (20 år og eldre)
– Teknikkurs Hav                               (20 år og eldre)

Det krevst grunnkurs Hav for å gå teknikkurs Hav, og teknikkurs hav for å gå aktivitetsleiarkurs hav. Det er ingen krav til tidlegare padleerfaring på grunnkurs hav.

Padleturar
Laurdag blir det guida padletur med turleiar frå HKK.
Søndag blir det guida padletur med fokus på kystkultur. Her har vi med oss museumsguide frå Herøy Kystmuseum; Håvard Haraldson Hatløy, som guide

Påmelding til både samling og kurs finn du på http://www.vaattkort.no/
Samling er inkludert i kurs-prisane. Du treng difor ikkje å melde deg på samling dersom du allereie er påmeld på eit padlekurs.

P1000049

Send gjerne spørsmål eller innspel til samlinga i 2015 til post@heroykajakk.no

Advertisements